UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Vitenskapeleg assistent
Ved Institutt for Informasjons
- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 6 månadar i 80 % stilling. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings
- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.
Arbeidsoppgåver:
Den vitskaplege assistenten vil arbeide med fleire pågåande forskingsprosjekt innan medievitskap som primært nyttar kvalitative metodar: Prepare, iFAM og MUCS. Som...