(i ny fane)
**Om stillinga**:
35 dyktige kollegaer ventar på ein ny avdelingsleiar som skapar retning, gir tryggleik og rom for utvikling.
Vi treng deg som likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver, og som har ønskje og vilje til å sjå framover og vere med på å utvikle dei gode tenestene våre vidare.
I heimetenesta tel vala dine kvar dag, der gode relasjonar, tillit og fagleg stoltheit skapar gode tenester til innbyggjarane.
Sandane heimeteneste er eit av tre heimetenesteområde i Gloppen kommune og vi søkjer no etter ein engasjert avdelingsleiar som kan vere med å leie og å vidareutvikle tenesta.Vi er eit arbeidsfellesskap av sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar og har vårt kontorlokale på Grandane. Målet vårt er at brukarane skal kunne bli buande heime lengst mogleg og meistre eigen kvardag trass sjukdom eller skade.
Som avdelingsleiar er du underlagt tenesteleiar og deltek i heimetenesta sitt leiarteam.
Nygjerrig? Ta kontakt...