UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor
Ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 20 % stilling som universitetslektor for ein periode på 1.5 år frå 1. januar 2026. Den ledige stillinga vil vere knytt til lektorprogrammet ved instituttet.
Sosiologisk institutt har eit femårig integrert lektorprogram med master i sosiologi.
I tillegg til dette kan studentar ved lektorprogramma på Det humanistiske fakultet ved UiB og ta sosiologi som støttefag.
Vi søker ein person som er engasjert i samfunnskunnskapsfaga i skulen, og som har eit engasjement for å utdanne gode lektorar for ungdomsskule og vidaregåande skule, saman med andre involverte ved Samfunnsvitskapleg fakultet.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning i samfunnskunnskapsdidaktikk og ann...