UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Universitetslektor II i spansk språk og latinamerikastudium ved Institutt for framandspråk
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv) som universitetslektor II i spansk språk og latinamerikastudium ved Institutt for framandspråk. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Ønskt startsdato for stillinga er 1. januar 2026, eller så snart som mogleg etter dette.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling i minst femti prosent stilling utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.
Institutt for framandspråk
Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.stipendiatar og ...