Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studiekonsulent/-koordinator
Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig 100% fast stilling som studiekonsulent / -koordinator. Stillinga er i første omgang særleg knytt til studieprogramma på Kunstakademiet, men vil også kunne relaterast til andre studieprogram og studierelatert prosesser ved fakultetet.
Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) har kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudformål. Gjennom dei ulike studieprogramma skal KMD utdanne skapande kunstnarar, designarar, musikarar, pedagogar, musikkvitarar og musikkterapeutar. Fakultetet ønsker å tilby eit godt læringsmiljø for studentane, og arbeider målretta for å få til dette. For tida har fakultetet kring 650 st...