Om stillinga
**Dette er ein unik moglegheit til å arbeide med pasientar med sarkomsvulstar, ein sjeldan form for kreft som oppstår i bein
- og blautvev.**
Haukeland universitetssjukehus søker etter ein engasjert og erfaren ortoped med den rette kompetansen til ei spennande stilling ved Sarkomsenteret. Ortopedisk avdeling og Kreftklinikken drifter i fellesskap Sarkomsenteret. Sarkomsenteret består av tre ortopedar, alle i 100% stillingar, ein onkolog i 20% stilling og to koordinatorar. Den eine av dei ortopediske stillingane er eigd av Kreftklinikken og det er denne stillinga som no blir lyst ut. Sarkomsenteret har tett samarbeid med overlegane ved Kreftklinikken.
Sarkomsenteret ved Haukeland universitetssjukehus har, saman med Radiumhospitalet, nasjonalt ansvar for kirurgisk behandling av beinsarkom. Senteret gir eit landsdekkande tilbod og samlar ei fleirfagleg spesialistgruppe som utfører utgreiing og behandling av sarkompasientar. Vår visjon er å gi pasientane optimal be...