(i ny fane)- Om stillinga
**Deler du våre verdiar, og vil du bli med på laget?**
Vi søker ein strukturert, initiativrik og løysningsorientert seksjonsleiar til augeseksjonen i Ålesund!
Augeseksjonen i Ålesund greier ut og behandlar dei fleste augelidingar. Vi handterer problem som optikar, fastlegen eller den privatpraktiserande augelegen ikkje kan ta seg av. Vi utfører planlagde konsultasjonar der nye pasientar vert vurderte, utgreidde og behandla medisinsk eller kirurgisk inkludert kontroller.
Seksjon for Auge er ein av 10 seksjonar innan kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Vi har i dag 6 overlegar, 3 LIS, 8 sjukepleiare, ein optometrist og ein ortoptist. Tilsamme ca. 20 årsverk. Opptaksområdet vårt er i hovudsak Sunnmøre med cirka 150 000 innbyggarar. Vi har fylkesfunksjon for oppfølging av premature og ROP-screening.
Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjef for kirurgisk avdeling.
Blir du med å skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande ...