Norconsult har nokre av Noregs skarpaste hovud innan veg- og gateplanlegging – folk som brenn for gode løysingar, smarte prosessar og prosjekt som faktisk gjer ein skilnad. Me leverer heildigitale prosjekt i verdsklasse, men evnar òg å skape berekraftige og kostnadseffektive løysingar der behova er litt enklare.
Hjå oss finn du kompetanse innan heile spekteret av samferdsle- og mobilitetsoppgåver, og innan alle planfasar og nivå. Det kan vere alt frå små moglegheitsstudiar til store og komplekse byggjeplanar. Me samarbeider tett med entreprenørar, me følgjer opp i byggjeperioden, og me legg til rette for ein arbeidskvardag med god variasjon, og ikkje minst eit hyggeleg miljø med solid fagleg tyngd.
Me opplever aukande oppdragsmengd og ynskjer å styrke kapasiteten vår innan vegplanlegging på Voss. Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver med store moglegheiter for utvikling. Kontoret på Voss har 20 medarbeidarar innan ulike fag.
Take the next step and apply for this exciting opportunity
Apply Now