Bjørnafjorden kommune har om lag 2000 tilsette og er ein kommune i vekst. Vi jobbar målretta med initiativ for utvikling
- og forbetring, i takt med nye og endra behov frå innbyggjarane og for å drive ei moderne kommune. Dette stiller krav til endringskompetanse, fleksibilitet, læring
- og omstillingsevne for alle våre tilsette.
HR-avdelinga består av 24 tilsette innan fagområda personal, IT, lønn og organisasjonsutvikling. Vi samarbeider tett og har fokus på kompetansedeling, digitalisering og kontinuerleg utvikling av tenestene vi har ansvar for.
I HR har vi i 2025 eit langsiktig fokus på tiltak for auka nærvær, personvern, leiaropplæring, trygg innføring av AI og forhold som skapar helsefremjande arbeidsplassar.
Vår nye personalrådgivar vil ta over for ein av våre dyktige kollega som vil gå av med pensjon frå nyttår. Du vil bli del av eit team av fleire rådgjevarar og ha tett samarbeid med kommunen sine fagområde og einingar. Vi ser fram til å ta imot deg!
**Arbeid...