Om stillinga
Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet. Vi ønsker å styrke satsinga vår, og søker derfor ytterlegare ein markedskonsulent til vårt kompetente team. Dette er ein spennande moglegheit for deg som vil vere med å vidareutvikle samhandlinga med primærhelsetenesta og andre brukarar av våre tenester. Vi er opptatt av å levere gode tenester til kundar som har høge krav og forventingar.
Laboratorieklinikken har over 900 tilsette fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Biobank Haukeland, Seksjon for kreftgenomikk og Seksjon for bioinformatikk.
Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største sjukehuslaboratorium, og har rutine
- og spesiallaboratorium innan dei fleste fagfelt. Vi har eit komplett laboratorietilbod ...