Om stillinga
Vil du vere med å gjere ein forskjell for pasientar som treng rehabilitering etter skade eller sjukdom?
Ved Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering har vi ledig fast 100% stilling som LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering på Nordås.
Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar, som vil ha deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar.
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel
- og skjelettplager/-smerter m.a. Vi har for tida 14 legar, inkludert LIS.
ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå i kvardagen. Her samarbeider mange helseprofesjonar....