Ledig årsvikariat som rektor/driftssjef i 100% stilling
- Ålfoten oppvekstsenter, Bremanger kommune
- Søk på stillinga
- Om stillinga
Ålfoten oppvekstsenter har ledig eit vikariat som rektor/driftssjef i 100% stilling, frå . Som driftssjef ved Ålfoten oppvekstsenter vil du ha det overordna ansvaret for Ålfoten barnehage og Ålfoten skule. Den som vert tilsett må vere handlekraftig og god til å sette seg inn i dei allsidige arbeidsoppgåvene ei oppvekstleiarstilling inneber.
Vi søker etter ein driftssjef som har evne til å skape tillit, motivere og inspirere og som har stor arbeidskapasitet. Du må ha godt humør og vere ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid både fagleg og sosialt i tråd med sentrale og lokale mål. Du må ha evne til å vere sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel, samtidig som du er god på samarbeid og kommunikasjon.
Ålfoten oppvekstsenter ligg i den vesle bygda Ålfoten i Nordfjord. Ved oppvekstsenteret har vi ein barnehage og ein barneskule. Det er ein...