Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar.
Kyrkjeverja har ansvaret for 6 tilsette og forvaltaransvar for 5 kyrkjer og gravplassar i dei to sokna som høyrer til fellesrådsområdet som er likt med grensene for Tokke kommune. Nynorsk er administrasjonsspråket.
Kyrkjeverja vår har fått ny jobb etter 13 år og vi ser difor etter ein positiv og initiativrik person til å overta stillinga som kyrkjeverge. Det er ein fordel med med kjennskap til kyrkjeleg verksemd i denne stillinga.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar i tillegg til engasjement og samarbeidsevne. Du må være medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere eigen bil.
Tokke kommune er i hjertet av Telemark, med fantastisk klima og natur. Ein kommune kjent for levande grender, Bandakkanalen og Dalen hotel. Det er viaregåande skule på Dalen, hyggelige boligpriser, aktiv kulturskule, mange tilbod for dei som er glade i j...
Take the next step and apply for this exciting opportunity
Apply Now