UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.-
- Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin(kardiologi)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (kardiologi) i to (2) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Kardiologisk avdeling, Stavanger Universitetssykehus (SUS). Arbeidsstad er ved SUS.
Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. - Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrativ...