Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.
**Vi har ledig 2 heimlar som fastlege ved Naustdal legesenter i Sunnfjord kommune**:
- **
ein fast heimel frå eller etter avtale**:
- **eit vikariat i eit år ledig frå snarast.**
Legesenteret er i nye og moderne lokaler i sentrum av Naustdal. Ved legesenteret er det 5 fastlegar og 1 LIS1 lege. Det er 700 - 1000 pasientar på listene, men pasienttalet kan justerast.
Ein må rekne med inntil 20 % kommunal stilling. Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande, då kommunen har ein 8-2-avtale. Vi kan også tilby fastløn/hybrid-avtale og vi har gode ALIS avtalar.
Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.
Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD- senger og legevaktsentral. Legevakta er ...