Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultet
Vi har ledig stilling som fakultetsdirektør frå januar 2026, og søkjer ein strategisk og engasjert leiar som vil få ei nøkkelrolle i vidareutviklinga av fakultetet og bidra til å skape gode prosessar og ein inkluderande og framtidsretta organisasjon.
Fakultetsdirektøren er ein del av den strategiske leiinga ved fakultetet og samarbeider tett med dekanen, som er fakultetets øvste leiar. Direktøren rapporterer til universitetsdirektøren og deltek jamleg i møter saman med dei andre direktørane ved Universitetet i Bergen.
Det psykologiske fakultet er eitt av sju fakultet ved Universitetet i Bergen og tilbyr utdanning innan psykologi, helse, p...