Om stillinga- Operasjonsavdelinga ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus har ansvar for planlagde og akutte inngrep innan augekirurgi. Seksjonen har fleire operasjonsstover og utfører eit breitt spekter av inngrep, inkludert vitrektomi, kataraktkirurgi, glaukomkirurgi og plastikkirurgi. Drifta krev tett samarbeid mellom ulike profesjonar. Seksjonen har om lag 14 operasjonssjukepleiarar.
Vi søker ein fagsjukepleiar i 100% fast stilling, der inntil 50% kan avsettast til faglege oppgåver. Drift er likevel det viktigaste ansvarsområdet, og fagsjukepleiar skal inngå i klinisk arbeid ved behov. Fagsjukepleiar skal bidra til fagutvikling, opplæring, prosedyrar og oppfølging av utstyr. Stillinga rapporterer til seksjonsleiar og samarbeider tett med assisterande seksjonsleiar og resten av teamet.
Dette er ei rolle for deg som ønsker å vere med og utvikle eit sterkt fagmiljø og sikre trygg og effektiv pasientbehandling.- Nøkkelinformasjon- Søknadsfrist:
- ** **-
Arbeidsg...