Om stillinga
Hospitaldrift har 8 einingar, om lag 815 medarbeidarar og leverer ikkje-medisinske tenester til Haukeland universitetssjukehus. Vi driv med portørtenester, forsynings-tenester, varedistribusjon, avfallshandtering, og varemottak. Lagar mat til pasientar, pårørande og tilsette. Reingjer tekstilar og senger, utfører reinhaldstenester. Vi driv òg eit kurs
- og konferansesenter, sikkerheitstenester og bemannar sentralbordet.
Kvar sommar har vi behov for dyktige og engasjerte sommarvikarar som kan bidra til å oppretthalde den daglege drifta ved sjukehuset. Vi søker sommarvikarar til fleire av einingane i Hospitaldrift. I søknaden må det komme **tydeleg frem, i prioritert rekkefølge**, kva eining du ønsker å arbeide i, og i kva periode du kan arbeide. Søkarar må fylle 18 år innan 2026 og kunne jobbe i minimum 4 veker samanhengande. Ferieperioden i Hospitaldrift strekk seg frå veke 25 til 33, og dei søkarane som kan jobbe flest veker i denne perioden vil bli prioriterte. A...