Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Direktør ved Michael Sars-senteret - åremålsstilling
Ved Michael Sars-senteret er det frå januar 2026 ledig ei åremålsstilling som direktør for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing.
Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten til senteret innan forsking, innovasjon og formidling. Direktøren inngår i fakultetet si leiargruppe.
Om senteret:
Michael Sars-senteret er eit internasjonalt forskingssenter som driv grunnforsking ved å nytte avanserte teknologiar for å studere den unike molekylære og cellulære biologien til marine organismar. Senteret består av fleire uavhengige forskingsgrupper som arbeider med ulike marine modellsystem og er organisert som eit sjølvstendig og tve...