SearchEuropeanJobs.com

Dagleg leiar i ØkoRåd Fjord AS - bli med på reisa vår vidare framover!

Company

ØKORÅD FJORD AS

Location

nordfjordeid, Norway

Type

Full-time

Dagleg leiar i ØkoRåd Fjord AS – bli med på reisa vår vidare framover!

ØkoRåd Fjord AS er eit spennande miljø som driv med rekneskap, rådgjeving og utvikling for kundane våre. Vi har eit sterkt og positivt fagmiljø med rundt 30 dyktige medarbeidarar, og kontor i Valldal, Ulsteinvik, Grodås, Stryn, Nordfjordeid og Sandane. Vi har vore i sterk vekst og omstilling i seinare tid, og ventar at dette både vil halde fram og auke. For å vere med på å leie denne utviklinga og omstillingane, ønskjer vi ein driftig og engasjert leiar som ønskjer å ta styringa over eit framtidsretta rådgjevings- og rekneskapskontor.

Ansvarsområder

  • Skape framleis god drift i ein organisasjon og bransje i rask endring
  • Lyfte blikket og setje ei tydeleg retning for vidare utvikling
  • Følgje med på teknologiske trendar innan bransjen og sjå kva moglegheiter det kan gje
  • Bidra til å byggje ein kultur der folk trivst, presterer og ønskjer å utvikle seg

★ Ready to Start Your European Career?

Take the next step and apply for this exciting opportunity

Apply Now