_Brenn du for nærings
- og samfunnsutvikling, og ønskjer å vere med å skape nye moglegheiter i ein region full av potensial?_
Hardanger og Voss Næringshage styrkjer laget i Hardanger og søkjer ein engasjert **rådgjevar/ forretningsutviklar til Øystese-kontoret,** som vil vere med å løfta bedrifter, gründerar og prosjekt i regionen.
Med visjonen: ‘Me utviklar verksemder, menneske, draumar og idear’, er vi eit utviklingsmiljø for næringsliv og entreprenørskap, og ein del av Siva og Vestland fylkeskommune sitt landsdekkande næringshagenettverk. Kvar dag arbeider vi for å skape vekst, samarbeid og innovasjon - og vi ser no etter deg som vil vere med på laget.
**Arbeidsoppgåver**:
- Følgje opp og vidareutvikle bedrifter i vekst og omstilling
- Bistå med rådgjeving, prosjektutvikling, søknadsskriving og nettverkssamlingar
- Identifisere nye samarbeidspartnarar og utvikle relasjonar
- Knyte saman næringsliv, kommunar, FoU-miljø og investorar
- Vere ein pådrivar for ...