Om stillingen
Garnes ungdomsskule søker etter barne
- og ungdomsarbeidar til nyoppretta STOLT avdeling (forsterka avdeling) frå 1.oktober 2025. I avdelinga er det ledig inntil 7 fagarbeidarstilling i 100%. Vi søkjer primært etter barne
- og ungdomsarbeidar med erfaring frå arbeid med barn med særskilte behov, men annan utdanning kan og vere relevant. Ei STOLT avdeling er eit særskilt tilpasset opplæringstilbod for elevar med store tilretteleggingsbehov fagleg og sosialt. Tilbodet er for elevar med utviklingsforstyrrelser, utviklingshemming eller andre omfattande og vedvarende lærevansker. Avdelinga på Garnes ungdomsskule skal ta imot elevar frå 1. trinn - 10.trinn frå Bergen kommune. Avdelinga vil ha 20 elevplassar og ca. 15 tilsette. Nye Garnes ungdomsskule ligg fint på Garnes og skal stå klar til å ta imot elevar frå januar 2026. Skulen ligg ca.10 min med buss frå Arna stasjon. Kommunikasjonen er god på dagtid.
Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø, og vår vi...