(i ny fane)
- Om stillinga
**Vil du vere med og forme framtidas helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal?**
Vi søkjer ein framtidsretta og tydeleg leiar til ei spanande stilling som avdelingssjef ved Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Klinikk for diagnostikk. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å påverke utviklinga av diagnostikktenestene i eit høgteknologisk, innovativt og dynamisk miljø.
**Om stillinga**
Som avdelingssjef vil du leie eit tverrfagleg team av radiologar, LIS-legar, radiografar og anna fagpersonell i eit miljø prega av teknologi, utvikling og tett samarbeid - både internt i sjukehusa og med primærhelsetenesta. Du blir ein sentral del av klinikken si leiargruppe og spelar ei viktig rolle i den strategiske utviklinga på tvers av fagområde.
Du får personalansvar for fire seksjonsleiarar, og skal saman med leiarteamet sikre diagnostikktenester av høg kvalitet og gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Stillinga gir høve til vidare...