**Om stillinga**:
**Trivst du i leiarrolla - og vil bidra til betre helse for pasientar utanfor sjukehus?**
I stillinga som avdelingsleiar ved avdelinga for behandlingshjelpemidler vil du ha eit heilskapleg ansvar på nivå 3 for fag og kvalitet, drift, personell, økonomi og samarbeid. Avdelinga for behandlingshjelpemiddel har ansvar for å sikre at pasientar som treng langvarig medisinsk behandling, får det utstyret og dei hjelpemidla dei har behov for. Målet er å leggje til rette for at pasientane kan få behandling utanfor sjukehus.
Hovudoppgåvene våre omfattar utlån og tilpassing av medisinsk utstyr, opplæring av pasientar og pårørande, samt vedlikehald, service og reparasjon av utstyret. I tillegg inneber stillinga samarbeid med kommunale helse
- og omsorgstenester, og ansvar for logistikk og lagerstyring knytt til behandlingshjelpemiddel.
Som avdelingsleiar vil du rapportere til klinikkdirektør og du vil inngå i leiargruppa i klinikken.
Vi søkjer ein initiativrik le...